Det vil bli muleg å få ei rykande fersk bygdebok under juletreet også i år! Band 3 av bygdebok for Surnadal omfattar området frå Søyset til Hyllbakkan. Det blir offisiell lansering ved Stangvik oppvekstsenter måndag den 17. desember kl. 19.00, men viss boka kjem oss i hende før, vil det bli tjuvstarta med boksal alt laurdag 15. og søndag 16. desember. Da vil i så fall folk frå bygdebokprosjektet vera på plass ved Coop Ekstra på Skei med rykande ferske eksemplar av den nye boka. Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkomne på lanseringa! Det vil bli ein presentasjon av boka ... og arbeidet med henne. Etterpå blir det kaffe og kake, og mulegheit til å gjera seg kjent med eller å få kjøpe boka. Det vil vera muleg å få kjøpt boka: Torsdag 20. des. kl. 12-17 på Coop, Skei. Fredag 21. des. kl. 12-17 på Coop, Skei. Viss bøkene kjem tidlegare enn venta, blir det boksal også på desse tidspunkta: Laurdag 15. des. kl. 12 – 17 på Coop, Skei. Søndag 16. des. kl. 14 -17 på Coop, Skei. Bygdebøkene vil dessutan kunne kjøpast på Surnadal folkebibliotek, Notabene Surnadal og hos Hals i Todalen. Nytt av året er at dei også kan kjøpast på Joker i Ålvundfjorden. Bygdebøker for Surnadal på facebook