Skulestart måndag 20. august

Alle skulane i Surnadal startar opp att måndag 20.august. Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter: Alle trinn startar kl. 08.30 Mo oppvekstsenter: Alle trinn startar kl. 08.25 Stangvik skule: 1. trinn startar kl. 10.00, 2.-7.trinn kl. 08.25 Todalen skule: 1.trinn startar kl. 08.30, 2.-7.trinn kl. 08.30 Øye skule: 1.trinn startar kl. 09.30, 2.-7.trinn kl. 08.55 Surnadal ungdomsskule: Alle trinn startar kl. 08.55.  

Rokonkurranse og kommunekamp 1. september i Svinvika!

1.september kl.13.00 arrangerer næringsutviklingssamarbeidet mellom Sunndal og Surnadal rokonkurranse og kommunekamp i Svinvika.

Totalforbod mot bålbrenning oppheva

Totalforbodet mot bålbrenning er oppheva i Surnadal kommune frå i dag, 06.08.2018. Minner likevel om det generelle forbodet mot bål og grilling i skog og mark i perioden 15.04. – 15.09. Totalforbod kan igjen bli innført om veret framover tilseier det, melder Surnadal brannvesen.  

Spitfireflyet skal «rekonstruerast»

Surnadal hadde besøk av ein overvettes ivrig Tony Hoskins i juni som skal bidra til ein BBC-dokumentar om Spitfire-flyet som styrta på Nordmarka i 1942. No kjem han tilbake – og håpar å rekonstruere mest muleg av det spesielle flyet.

Bruk vatn med måte

  Grunnvasstanden er no låg fleire stader og det ser ikkje ut til å betre seg med det første. Vi ber difor om at alle er bevisste på bruken av drikkevatnet. Lokale vassverk har ansvar for offentleg vassforsyning, og har ansvar for å handtere situasjonen lokalt, for eksempel ved vatningsrestriksjonar.  

Framleis totalforbod mot bruk av open eld i Surnadal kommune

Minner om gjeldande totalforbod og aukande skogbrannfare: Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, påfjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark. Totalforbodet gjeld framleis i Surnadal kommune inntil kommunen har kunngjort ei oppheving på kommunen sine heimesider.  

NVE si innstilling til revisjon av konsesjonsvilkåra i Folla-Vindølareguleringa

Etter at Surnadal og Rindal kommunar i 2011 sendte felles krav om revisjon av konsesjonsvilkåra i Folla-Vindølareguleringa har NVE no kome med ei innstilling til nye vilkår.

Sommarjobb for ungdom 2018

Tysdag 19.juni var det informasjonsmøte for årets Sommarjobb - ungdommar.

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018.

Kavlveg og tursti på Eidet