- Spør gjerne Kommune-Kari om søknadsfrister, opningstider og kontaktinformasjon. Ho svarar på spørsmål 24 timar i døgnet og er eit supplement til opningstider i servicetorget. Vi ønskjer å tilpasse oss behova til innbyggarane og Kommune-Kari er eitt av fleire tiltak kommunen arbeider med, fortel Pål Ranes, påtroppande leiar for eininga Digital transformasjon og IKT.
Dynamisk - men lyt brukast
Kommune-Kari er eigentleg ei samling ofte stilte spørsmål. Det er lagt inn 700 lenker til informasjon om tenestene i kommunen i databasen Kari hentar svar frå. - Det er viktig at Kommune-Kari blir bruka. Still spørsmål, oppfordrar Pål. Om du stiller eit spørsmål og ikkje får ønska svar, vit at alle spørsmål blir fanga opp og brukt til å bygge gode svaralternativ.
Brukarretta tenesteutvikling
-Digitale verkty skapar mulegheiter for brukarretta tilpasning og kommunen ønskjer at våre tilsette skal få mulegheit til å både vere med og legge føringar og å vere i forkant. Denne veka hadde vi difor to fagdagar for alle tilsette med digital transformasjon som tema, forklarar Ranes. Digital transformasjon handlar mest om å gjere tenestene våre meir tilgjengeleg for folk og om å tilpassa måten vi arbeider på i takt med behova til innbyggarane.
-Folk skal framleis møte folk, både i servicetorget og elles. Det er ikkje slik at vi erstattar personleg kontakt med virtuell intelligens og IKT-løysingar. Det viktigaste er å gjere tenestene våre så tilgjengelege og effektive som muleg, og her spelar digitale verkty ei viktig rolle når dei blir bruka på rett måte i kombinasjon med rett funksjon. Vi er ikkje redde for å prøve og feile og vil gjerne ha respons frå innbyggarane. Sjølvbetente løysingar kan frigjere tid for både innbyggar og tenesteytar, slik at alle får bruka tida si best muleg på det som er viktig for å få utført det ein skal og komme raskare i mål. Eit sjølvbetent servicepanel er på trappene i servicetorget på Kommunehuset. Besøkande i servicetorget vil bli inviterte med på å designe denne løysinga. Det blir framleis muleg å få personleg veiledning i servicetorget om ein treng dette, men målet er at ingen skal måtte stå og vente på å få utført det ein skal og å gi besøkande mulegheit til å velge å vere sjølvbetent så langt det er ønskjeleg, avsluttar Ranes.