Kva er bakgrunnen for ordninga?
Ny forskrift om brannførebyggingfastsett av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap 17. desember 2015 med heimel i lov 14. juni 2002 nr 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernlova) § 17 i denne forskrifta seier mellom anna følgjande:
- Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk, blir feiet ved behov.
- Kommunen skal sørge for at det ved behov blir utført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk.
Dette betyr at alle hytter og fritidsbustader skal feiast og ha tilsyn.
Kvifor betalar eg gebyr før feiing?
Gebyret blir belasta årleg. Feiing og tilsyn etter behov vil seie at kvart fyringsanlegg må ha ei individuell vurdering. Feiar avgjer kor ofte det skal vere feiing og tilsyn. Feieavgifta er basert på sjølvkost-prinsippet. Ein betalar ikkje meir enn det kostar å få levert denne tenesta. Kommunen vil i starten måtte bruke mykje tid på registrering av opplysningar om fyringsanlegga i dei ulike fritidsbustadene. I tillegg må kommunen ha meir ressursar i form av personell og utstyr. Dette er grunnen til at det blir teke inn gebyr før feiing og tilsyn kjem i gang.
Korleis nå fram til alle hytter?
Alle hytter skal få tilbod omtilsyn og feiing. Om nødvendig blir det brukt ATV, båt eller snøskuter.
Må eg montere trinn/plattform på hyttetaket?
§ 6 i forskrift om brannførebygging seier følgjande:
- Etter å ha mottatt varsel om feiing eller tilsyn, skal eieren sørge for at feieren har tilfredsstillende adkomst til hele fyringsanlegget.
Tilfredsstillende adkomst og kva eventuelle tiltak som må på plass på den einskilde fritidsbustaden vil bli vurdert for kvart tilfelle.
Må eg vere tilstades?
Eigar eller representant for eigar må vere til stades dersom denne er gjeve fullmakt. Dette kan til dømes vere hyttenabo, vaktmeister eller velforening.
Kontaktpersonar i brann/feiarvesenet:
Tor Arne Moen - Brannsjef
Mob: 90929031
E-post: tor.arne.moen@surnadal.kommune.no
Hans Christian Hårstad - Feiar
Mob: 90777715
E-post: feier@surnadal.kommune.no eller hans.christian.harstad@surnadal.kommune.no
Marie Elise Martinussen - Feiar
Mob: 46858997
E-post: feier@surnadal.kommune.no eller marie.martinussen@surnadal.kommune.no
Kontaktpersonar økonomiavdelinga:
Tove Drøpping - Konsulent
Mob: 48173643
Jenny Stensby - Konsulent
Mob: 41624991