Namning av kommunal veg

Surnadal kommune skal namngje ein veg i industriområdet ved Syltøran. Vegen går ned frå Industrivegen på sørsida av Brattørskogen og endar før ein kjem til idrettsområdet.

Sommarstengt svømmehall

Svømmehallen er sommarstengt fra onsdag 19. juni til tysdag 3. september.  Vi ønskjer alle ein God ferie!  Helsing Teknisk drift 

To nye bedrifter er godkjende som Miljøfyrtårn

AS Elektro og iteam avdeling Surnadal er godkjende som Miljøfyrtårn. Dei fekk overrekt diplom frå varaordførar Annett Ranes på møte i næringsforeininga i dag.

Kommuneoverlege Bjørn Buan takkar av

Frå 1. september sluttar Bjørn Buan i si stilling som kommuneoverlege i Surnadal kommune. 

NAV-Surnadal har stengt publikumsmottak i uke 25

"NAV Indre Nordmøre avd. Surnadal har stengt publikumsmottak i uke 25, pga. flytting til midlertidige lokaler.

Test av Nødvarsel på mobil

Klokka 12 onsdag 12. juni 2024 blir det test av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Oppdatering: Kikhoste i Surnadal - ikkje ring ned legesenteret

Det er mykje kikhoste i Midt-Norge for tida. - Som forventa er det no også oppdaga kikhoste i Surnadal kommune, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.

Ferieaktivitetar for unge

Surnadal kommune vil arrangere fleire gratis ferieaktivitetar for unge i første veka av juli. Påmeldingsfrist er torsdag 20. juni kl. 15; og om det blir særs populært, gjeld "først til mølla".  Trykk på lenka under for påmelding. Påmelding til ferieaktivitetar

Utdeling av heidersteikn 5. juni 2024

Torsdag den 5. juni arrangerte Surnadal kommune ei triveleg markering med middag og utdeling av heidersteikn for tilsette som i 2022 har arbeidd i kommunen i 25 år og for tilsette som gjekk av med pensjon same år.

Pengar å hente for lag og organisasjonar?

Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.