Namning av kommunal veg

Surnadal kommune skal namngje ein veg i industriområdet ved Syltøran. Vegen går ned frå Industrivegen på sørsida av Brattørskogen og endar før ein kjem til idrettsområdet.

Kart over ny veg Røtet - Klikk for stort bildeKart over ny veg Røtet

Lag og organisasjonar med særleg tilknyting til området kan vere part i slike namnesaker, jf. § 8 i lov om stadnamn. Ein kjem ikkje på nokon opplagt part i akkurat denne saka. Men om eit lag meiner dei skal vere det, ber ein om å bli varsla. Dei vil i tilfelle bli direkte varsla om vedtak og klagerett. 

Ein vurderte både «Brattørskogen» (og «Brattørskogvegen») som namn. Men i og med at vi har eit bruk med det namnet, vart det tatt kontakt for å høre korleis dei som bur der stilte seg til dette. Bruket ligg ikkje ved denne nye vegen, og det var eit klart ønske derifrå om å finne eit anna namn. Og Anton Skei kom sjølv med eit godt forslag: «Litlhølen»; altså namnet på ein høl som låg der nyvegen no går.

Ein vil difor tilrå at vegen får namnet LITLHØLVEGEN, og har fått velsigna skrivemåten med stadnamnansvarleg i Kartverket.

Vi har 29 bokstavar som kan brukast til å skriftleggjera det virvar av lyder som vi turnerer kjeften med, og dei stadnamnkunnige har hamna på «Litl» for å fange opp «lille»-namna på Indre Nordmøre. Det er i dag registrert 100 slike namn berre i Surnadal kommune, og nokre – som Litlstrengen, Litlvatnet og Litlnebba – er særleg vurdert, og med det vedtekne som rett skrivemåte.

Merk også at «Storhølvegen» ligg rett på nordsida for Brattørskogen, så slik sett fell namnet naturleg inn i Røtet.

Litlhølen var der fotballspelarane på Framtid, og gjestande lag, dyppa kroppane sine i for å bli meir presentable etter kampslutt. Og da sjølvsagt i tida før ein fekk eige garderobeanlegg på Syltøran.

Men det er kanskje ikkje så sikkert at fotballspelarane vart særleg reinare i dette brakkvatnet med ymse kroppslege ekskret frå dyra som beita kring hølen.

Apropos hygiene: Surnadalingane var nok uansett truleg heldige med kvar dei vaska av seg sveitte, reinsa skrubbsår og fekk frå seg anna lort. På Tingvoll brukte fotballspelarane bekken til den slags kroppshygiene – den same bekken som var drikkevasskjelda for fleire husstandar lengre ned i bekkefaret …

Litlhølen vart nytta som badeplass for ørabyggjen, og ikkje av dei som vart kalle «bortabyggjen», altså dei frå nordsida av fjordbotnen. Desse vart nærast jaga bort med lite venlege tilrop som «Bortabyggjen stor å støgg / krokåt nase, krokåt røgg» om dei berre våga seg halvmidt over Ørabrua. Så Storhølen var meir deira «badeland». 

«Saudreparvegen» kunne også vore eit friskt, men noko makabert, namn på vegen, sjølv om «Saudreparen» nok låg litt nærmare Surna. «Saudreparen» var ein vasstrekt sump der det visstnok også kunne hamne slintrer og anna avskjer frå eit garveri i området. Namnet skriv seg sjølvsagt frå at det var eit særs utrygt område å ferdast i for låghalte ulldottar. Denne lokale «Saudreparen» er forresten ikkje registrert i stadnamnbasen til Kartverket. Om du søkjer, får du berre eitt treff for heile landet, og det namnet er også frå denne kommunen: ein bekk i Folddalen, litt innafor Gråsjødammen.

Har nokon merknad til namnet LITLHØLVEGEN, og/eller meiner dei er part i saka, må merknad sendast til post@surnadal.kommune.no, eller Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 10. juli.