To nye bedrifter er godkjende som Miljøfyrtårn

AS Elektro og iteam avdeling Surnadal er godkjende som Miljøfyrtårn. Dei fekk overrekt diplom frå varaordførar Annett Ranes på møte i næringsforeininga i dag.

Miljøfyrtårn er ei miljøsertifisering av drifta av selskapet. Kvar bransje har eigne krav som passar typen aktivitet, det er derfor mange ulike verksemder som kan få den same sertifiseringa. Alt i frå detaljhandel til tenesteleverandørar. Eller som dagens to diplommottakarar, selskap som tilbyr både tenester og varer.

Diplom - Klikk for stort bildePål Innvik frå iteam avdeling Surnadal og Einar Fiske frå AS Elektro tok mot diplom frå varaordførar Annett Ranes. Foto: Staffan Sandberg