Kommuneoverlege Bjørn Buan takkar av

Frå 1. september sluttar Bjørn Buan i si stilling som kommuneoverlege i Surnadal kommune. 

-Takk for fire interessante år i kommunen og eit godt samarbeid med kollegaer. Først skal eg ha ein lang og god sommarferie, før eg går av med pensjon, seier Buan. 

Bjørn Buan har jobba som kommuneoverlege i Surnadal sidan mars 2020.  Han har også jobba i 50% stilling som koordinator for kommunane på Nordmøre sitt samarbeid med Helse Møre og Romsdal, og hatt ansvar for å følgje opp Nordmøre IPR sitt arbeid og prioriteringar innanfor helse og omsorg. 

Vi takkar for innsatsen som kommuneoverlege i Surnadal og ønsker Bjørn Buan lykke til vidare som pensjonist.