Vannpris til Surnadal kommune.

Driftsassistansens Vannpris for 2018 er tildelt Surnadal kommune.

Avlyst: Stikk UT!-markering i Surnadal

Grunna vervarselet blir dette arrangementet avlyst: Onsdag 1. mai opnar Stikk UT!-sesongen 2019, og i Surnadal vil dette vil blir markert ved den nye Stikk UT!-posten ved Svartvatnet på Nordmarka. Her vil det det bli servert frukt og drikke til alle som besøkjer trimposten i tidsrommet 17.30-20.00.  

Mammografi for kvinner i Surnadal kommune

Alle kvinner i Surnadal kommune født 1949-1968 inviteres til mammografiundersøkelse fra 6.5 - 29.5.2019.

Skattemeldinga - sjekk post 4.3.2 - Boligverdi

Frå og med 2020 vil Surnadal kommune bruke Skatteetaten sin utrekna marknadsverdi for boligar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten. Vi ber difor eigarar av bustader om å kontrollere at dei førehandsutfylte tala under post 4.3.2 i skattelikninga for 2018, som sendast ut av Skatteetaten, er riktige. Det er den enkelte skatteytar sitt ansvar å korrigere skattemeldinga si dersom han kan dokumentere gyldig takst som medfører endring i formuesverdi. I denne artikkelen har vi samla nyttig informasjon og veiledning til korleis du går fram.

Steinholmlia, Bøfjorden vassverk.

Påska 2019: Det vil ikkje bli opna for drikkevatn i den delen av leidningsnettet som ikkje er frostsikra i Steinholmlia hyttefelt i påska. Grunnen er nattefrost. Det vil bli gjort ei ny vurdering i veke 18.  Teknisk Avd, Surnadal kommune.

Sommarjobb for ungdom 2019

Ungdomar som er registert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga "Sommarjobb for ungdom".

Ledige stillingar i skular og barnehagar

Under Ledige stillingar finn du meir informasjon om stillingane og opplysningar om søknadsprosessen. Hugs å søkje elektronisk på ledige stillingar i Surnadal kommune.   SØKNADSFRIST: 26.04.2019  

Stikk UT-sesongen 2019

Det nærmar seg: 1. mai startar STIKK UT-sesongen 2019.     I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Feieavgift for dei som bur i burettslag - utseksjonerte leilegheiter

Kommunen har teke i bruk eit nytt feieprogram. Det har vist seg at dette programmet har handtert feieavgift på utseksjonerte leilegheiter feil. Dette er vi no klar over og oppretting er i gang.

Søknadsfristar – kultureininga

Surnadal kommune, kultureininga, har fleire tilskottsordningar og tildelingar av leigetid i gymsalar m.m. som skal avgjerast med det første.