Sommarjobb for ungdom 2019
Ungdomar som er registert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga "Sommarjobb for ungdom".
Hovudmålet er å gje ungdomane innsikt i Surnadal kommune som arbeidsplass og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Den som får tilbod gjennom ordninga får arbeid i 2 veker kvar og må kunne arbeide desse 2 vekene samanhangande.
I år der det ungdomar født i 2002 og 2003 som er i målgruppa for å søkje på arbeid gjennom ordning og det er det eldste årskullet som blir prioritert for tilbod.
Under Ledige stillingar finn du meir informasjon om stillingane og opplysningar om søknadsprosessen.
Søknadsfrist 28.04.2019.
Publisert 09.04.2019 15:33