På kurset får deltakarane praktisk rettleiing i korleis dei kan bruke dei ulike funksjonane på TV-en. Det blir mellom anna vist korleis ein finn fram i TV-guiden, spolar tilbake, tek opp program og bruker appar og strømmetenester.
Det blir god tid til spørsmål undervegs, og du treng ingen forkunnskapar.
Ta gjerne med fjernkontrollen heimanfrå, slik at du kan få hjelp med knappane og funksjonane du bruker til vanleg.
Tid og stad
Du kan velje mellom to kursdatoar:
Tysdag 20. oktober kl. 13.00–14.00
Onsdag 28. oktober kl. 13.00–14.00
Stad: Kantina i Svorka-bygget, Svartvassvegen 6, Surnadal.
Påmelding
Kurset er gratis, men du må melde deg på hos Svorka.
Telefon: 97 91 22 22
E-post: kunde@svorka.no
Når du melder deg på, får du vite om det er ledige plassar eller om du kan stå på venteliste. Svorka sender ei påminning på SMS dagen før kurset.
Les meir på Svorka si nettside