Søk tilskot til aktivitetar for barn og unge – frist 13. november

Frivillige organisasjonar og andre aktuelle aktørar i Surnadal kan no søke om tilskot til aktivitetar som bidreg til at fleire barn og unge får delta i fritidsaktivitetar og sosiale fellesskap. Søknadsfristen er 13. november 2026.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har lyst ut tilskotsmidlar for 2027 gjennom ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge.

Målet er å gi barn og unge som står i fare for å hamne utanfor sosiale fellesskap, betre moglegheiter til å delta, oppleve meistring og vere ein del av lokalsamfunnet.

Kva kan ein søke støtte til?

Tilskotsordninga omfattar fleire typar tiltak for barn og unge, mellom anna:

  • Fritids- og ferieaktivitetar, som idrett, friluftsliv og kulturaktivitetar
  • Utstyrssentralar som gjer det enklare å delta i aktivitetar
  • Opne møteplassar for ungdom
  • Jobbtilbod for unge
  • Lokale fritidskasser som kan bidra til å dekke kostnader ved deltaking

Målgruppa er i hovudsak barn og unge frå 0 til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Enkelte aktivitetstypar har eigne aldersgrenser og krav.

Nye krav til søkarar frå 2027

Det er gjort endringar i tilskotsordninga for 2027.

Berre frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivilligheitsregisteret, kan søke. Verksemda må også ha vore registrert i Einingsregisteret og hatt aktivitet i minst to år før søknadstidspunktet.

Kommunar og andre offentlege aktørar kan ikkje lenger søke gjennom denne ordninga.

Organisasjonar som allereie har pågåande prosjekt med tilskot for 2027, vil som hovudregel ikkje bli prioriterte ved tildeling av nye midlar gjennom same kommune.

Slik søker du

Søknaden skal sendast elektronisk gjennom Bufdir sin søknadsportal.

Søknadsfrist: 13. november 2026.

Vi oppmodar aktuelle lag og organisasjonar til å lese vilkåra nøye før dei søker.

Les meir om tilskotsordninga, vilkår og søknad på Bufdir si nettside.

Kontaktperson i Surnadal kommune

Surnadal kommune er registrert som deltakande kommune i tilskotsordninga for 2027.

Har du spørsmål om ordninga lokalt, kan du kontakte:

Ann-Elin Stenberg
E-post: ann-elin.stenberg@surnadal.kommune.no

Kontaktinformasjonen er oppgitt av Bufdir.