Skal du søke barnehageplass?

Hovudopptaket har søknadsfrist 15. februar.

Dersom du har barnehageplass treng du ikkje søke på nytt.

Hovudopptaket har søknadsfrist 15. februar og gjeld for barnehageåret 2026/2027 frå 15. august 2026.  Du må søke innan fristen dersom du skal ha ny barnehageplass, endre plassen du allereie har, eller ønsker overføring til annan barnehage.

Merk: Dersom du allereie har ein søknad inne for inneverande barnehageår (2025/2026) og framleis ikkje har fått plass, må du sende inn ein ny søknad for å bli vurdert til opptak i det nye barnehageåret.

Les meir om barnehageopptak i Surnadal kommune

Slik søker du

Klikk på lenka under til elektronisk søknadsskjema. Logg deg inn med ID-porten, fyll ut skjemaet og send inn.

Søk barnehageplass