Utvida drop-in-tilbod for økonomisk rettleiing og gjeldsrådgiving
NAV Indre Nordmøre har no utvida drop-in-tilbodet sitt for økonomisk rettleiing og gjeldsrådgiving. Målet er å nå fleire innbyggarar som slit økonomisk, men som enten ikkje kjenner til tenestene NAV tilbyr – eller synest det er vanskeleg å ta det første steget.
-Gjeldsrådgiving er allereie ei mykje brukt teneste hos oss. Samtidig veit vi at det finst mange i Sunndal, Tingvoll og Surnadal som ikkje er klar over at denne hjelpa finst i NAV. Med eit ope drop-in-tilbod ønsker vi å senke terskelen ytterlegare og gjere det enklare å få hjelp med økonomiske utfordringar. Dette uttalar gjeldsrådgivarane i NAV Indre Nordmøre.
-Vi ønsker å tilby eit lågterskeltilbod der innbyggarar kan møte ein gjeldsrådgivar når dei sjølve er klare til å ta grep i eigen økonomi.
Bidra til at hjelpa når dei som treng det
Dersom du kjenner til nokon som for eksempel har fått varsel om lønstrekk, har slutta å betale rekningar, verkar overvelda av eigen økonomi eller gir uttrykk for at dei økonomiske problema har vakse seg større - kan du trygt vise dei vidare til dette tilbodet frå NAV Indre Nordmøre.
Drop-in tider
- Surnadal: fredag kl. 12.00–14.00
- Tingvoll: første tysdag i månaden kl. 12.00–14.00
- Sunndal: onsdag kl. 12.00–14.00
Det er viktig å vere klar over at vi berre kan hjelpe dei som sjølve ønskjer det og er villige til å gjere ein innsats undervegs. Difor må personen det gjeld møte opp sjølv.
Kva kan gjeldsrådgivar hjelpe deg med?
Du kan få hjelp til å:
- redusere utgifter og skape betre balanse i økonomien
- inngå avtalar eller betalingsordningar med kreditorar
- få oversikt over rettar og plikter
- kontakte namsmannen i saker om lønstrekk, tvangssal eller utlegg
- vurdere og eventuelt søkje om gjeldsordning
I tillegg kan vi:
- kartlegge mogleg inntektspotensial som ikkje er nytta
- sjå på moglegheiter for å redusere utgifter på kort og lang sikt
- lage oversikt over gjeld og gi rettleiing om moglege handlingsval
NAV Indre Nordmøre