Innsamlingsdag for landbruksplast 19. mai - Surnadal kommune - Startsida

Innsamlingsdag for landbruksplast 19. mai

Norsirk inviterer bønder i Surnadal til innsamlingsdag for landbruksplast.

Påmelding og tidspunkt

Norsirk inviterer bønder i Surnadal til innsamlingsdag for landbruksplast. 

Dette er ein del av vår nye satsing for å dekke område som ikkje har fast mottak. Der vi stiller med bil og kran for å losse/laste rett frå hengaren til bonden til vår hengar. 

Det er viktig at tilhengar er reingjort før du legg oppi plasten.

Kvifor har vi påmelding med mengde og tidspunkt? Det er for at vi skal ha nok utstyr tilgjengeleg, og at det blir mogleg for oss å fordele mengdene utover dagen slik at det blir minst mogleg kø for bonden.

To leveringsplassar i Surnadal tysdag 19. mai

  • Tid: Kl. 9.00-11.00
    Stad: Rasteplassen rett sørvest for Skei (sentrum i Surnadal)
  • Tid: Kl. 12.00-14.00
    Stad: Storhølvegen 3, 6652 Surna

Påmelding innan 15. mai

Send e-post til landbruk@norsirk.no innan 15. mai.

  • Merk med Surnadal
  • Namn
  • Ca mengde m3 av type plast

 

Oppgi informasjon f. eks som vist slik:

Illustrasjon. Kategoriar landbruksplast. - Klikk for stort bilde

 

 

 

Viktig å vite:

  • Plast kan kun leverast innenfor det oppgitte tidsrommet.
  • Arrangementet gjeld kun for bønder.

 

Fraksjonar som tas imot:

  • Rundballeplast
  • Rundballenett / innernett
  • Fiberduk
  • Plansiloplast
  • Solfangerfolie
  • Storsekker

 

Krav til plasten:

  • Sortert per fraksjon
  • Fri for produktrester, jord, sand, stein, gress og halm
  • Rundballenett / innernett skal legges i egen storsekk
  • Storsekker skal legges oppi en egen storsekk
  • Solfanger rulles opp/evt rulles på en plastkjerne
  • Fiberduk i bulk eller rulles opp uten kjerne