Felles foreldremøte for førsteklasseforeldre – ein
trygg start på skuleløpet
Kommuneadministrasjonen inviterer alle foreldre til komande førsteklassingar til eit felles
foreldremøte onsdag 20. mai kl. 18.00–20.00.
Målet med møtet er å førebu foreldre best mogleg til skulestart og å vise korleis skule, oppvekst
og helsetenester samarbeider for å skape trygge og gode oppvekstkår for barna i kommunen.
– Skulestart er ein viktig overgang både for barn og foreldre. Vi ønskjer å bidra til tryggleik, god
informasjon og eit sterkt samarbeid heilt frå starten, seier kommuneadministrasjonen.
På møtet vil representantar frå skulen orientere om:
- forventningar til elevar og foreldre
- kva skulen er og kva kvardagen inneber
- samarbeid mellom heim og skule
- fråvær og betydninga av tidleg innsats
I tillegg vil følgjande tenester presentere seg og sitt arbeid:
- Skulehelsetenesta
- PPT
- Barnevernstenesta
- Familieveileder / psykisk helse
Foreldra vil få høve til å delta i gruppearbeid der dei kan dele tankar og erfaringar knytt til
skulestart. Det blir òg sett av tid til uformell dialog, der ein kan gå rundt og snakke med dei ulike
aktørane innan oppvekst og helse.
– Det er viktig for oss å vise at det finst eit lag rundt barna, og at foreldre alltid kan ta kontakt
dersom dei har spørsmål eller treng råd, seier arrangøren.
Praktisk informasjon:
Dato: 20. mai
Tid: kl. 18.00–20.00
Stad: Kantina på Subus
Alle førsteklasseforeldre i heile kommunen er velkomne.