Brukarundersøking om politiske møte på nett - Surnadal kommune - Startsida

Brukarundersøking om politiske møte på nett

IKT Orkide skal fornye systemet for gjennomføring og strømming av politiske møte for medlemskommunane. Innbyggarar og presse er inviterte til å gi innspel.

Som ein del av dette arbeidet ønsker IKT Orkide å forbetre korleis innbyggarane og media kan følge med på politiske saker og møte, både i forkant, undervegs og i etterkant. Målet er å gjere løsysingane meir tilgjengelege, oversiktlege og brukarvennlege.

For å sikre val av ei løysing som også ivaretar innbyggaranes behov, ønsker IKT Orkide innspel frå publikum.  Alle er difor inviterte til å delta i ei kort spørjeundersøking om korleis politiske møte følgast i dag, og kva som er viktig i slike løysingar.

Svar på undersøkinga

Undersøkinga tar 3-5 minutt å gjennomføre, og svara vil inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget i anskaffingsprosessen. 

Brukarundersøking - politiske møte på nett - Fyll ut skjema

Svarfrist: Torsdag 23. april kl. 16.00

Har du spørsmål? Les meir hos IKT Orkide