Reglane er som følger:
Du lagrar bingobrettet ditt på telefon, skriv det ut eller hentar det hos oss. Så fyller du i brettet etter kvart som du fullfører rutene. Hugs at det går å krysse for fleire ruter på den same boka, så her kan det vere artig å sjå kor mange ruter ein kan få til på ei bok!
Når du har fått 5 på rad sender du oss ei melding på Facebook eller e-post biblioteket@surnadal.kommune.no med kva for bøker du har lest. Du er også hjarteleg velkomen innom oss på biblioteket for å gi oss denne infoen!
Når bingoen er over den 31. august:
• Alle som har fullt bingobrett har sjanse til å vinne gåvekort på ARK til
500 kr!
• Alle som har delteke blir med i trekninga av to kinobillettar!
PS: Vi er meir enn gjerne behjelpeleg med å bestille bøker du kunne tenke deg å lese, ta kontakt med oss!
Last pdf- fil av bingobrettet her:
Bingobrett.pdf (PDF, 61 kB)
