Velkommen til ny Stikk UT! -sesong!

Garthøglia Norunn Holten  

Onsdag 15. desember startar Stikk UT! vinter og Stikk UT! ski. Det er første året Surnadal kan tilby fotturar vinters tid, og dette er dei fire nye vinterfotturane:

  • Heggemsneset- Kallset i Bøfjorden.
  • Rundtur om Kraftstasjonen i Bøverfjorden
  • Toåa tursti i Todalen. Koden er på baksida av treet med alle dei gaue retningsskilta.
  • Rundturen «Rundt Gryta» i sentrum av Surnadal. Du finn koden der vegen opp til alpinsenteret tek av.

Turbeskrivingar finn du som vanleg på Stikk UT!-sida og i Stikk UT!-appen.

Når det gjeld Stikk UT! ski, fortsett vi med dei same turmåla som tidlegare:

På Nordmarka: Løålikjølen, Garthøglia og Magretlia. Det er tråkka løype til alle turmåla, men du må ha med deg hodelykt viss du vil til Garthøglia eller Løålikjølen etter at det er blitt mørkt.

Med utgangspunkt Vang: Klåberget og Øygardshalsen. Her må du også ha med deg lys etter at det har blitt mørkt.

Holtamoen: Stikk UT!-posten ligg i lysløypa.

Tjønnmyran: Her er også posten i lysløypa, men koden er ikkje komen på plass enda. Estimert opningsdato: 20. desember.

Generelt er det lite snø i terrenget enda, så om det kjem ein del regn, kan skiføret ryke! Følj med på loyper.net så du unngår bomturar! Nyleg tråkking er ein god indikasjon på at det kan vera muleg å få seg ein skitur!

 https://www.stikkut.no/nyheter/velkommen-til-ny-stikk-ut-sesong-1