Vegarbeid på fylkesveg 65 – Bæverfjord - Surnadal

Informasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune med konsekvensar for trafikkavvikling over Nordmarka:

Dette melder Møre og Romsdal fylkeskommune:

På fylkesveg 65 vil det vere vegarbeid i om lag 6 veker, frå 9. september. Arbeidsområdet strekkjer seg frå Bæverfjorden (like etter avkøyrsel til Vollavegen) til like forbi Nordmarka skisenter.

I samband med arbeidet blir vegen i hovudsak vere stengt mellom kl. 07.00-21.00 mandag - torsdag. Fredag er normalt arbeidsfri, og det er sannsynleg at vegen blir open heile dagen i tillegg til laurdag og søndag. 

Det blir kolonnekøyring samtidig med bussavgangar. Dersom bussen er litt forseinka vil ein vente på den før kolonna køyrer. Mellom bussavgangar må ein pårekne inntil 2 timar ventetid. 

Vi oppmodar dei som kan om å begrense antal køyreturar forbi arbeidsstaden.

Fylkesvegen vil fremstå som en dårlig grusveg i arbeidsperioden, men er open for trafikk når det ikkje pågår arbeid.   

Utrykkingskøyretøy kan passere på kort varsel.

Det er sett opp følgjande tider for kolonnekøyring:

  • 07.10
  • 07.15
  • 08.30
  • 10.20
  • 10.35
  • 12.15
  • 13.10
  • 14.55
  • 15.55
  • 16.10
  • 18.35
  • 19.15
  • 19.45
  • 20.30

Det blir lagt opp til å køyre samtidig frå begge sider av arbeidsområdet.

Kontaktperson:

Leif Olav Brandt
Byggeleiar asfalt
Telefon: 412 50 479