Utvidar tilbodet om bruk av idrettshallen på kveldstid

Surnadal idrettshall - Klikk for stort bildeSurnadal idrettshallVaksne over 20 år kan trene innandørs i idrettshallen.

Etter drøfting med kommuneoverlege og personalet på Teknisk drift, er det frå 26. januar opna opp for innandørs styrke- og basistrening på kveldstid for vaksne over 20 år i idrettshallen på Øye. 

Leiarar innan idretten tek ansvar for at aktivitetane skjer i samsvar med nasjonale anbefalingar for smittevern og avstand. Det er venta nasjonale lettelsar om kort tid, men fram til da forheld vi oss til anbefalingane som gjeld:

Idretts- og fritidsaktivitetar 

  • Bør gjennomførast utandørs så langt det er muleg for alle aldersgrupper. 

Anbefalingar for vaksne over 20 år:  

  • Innandørs: Anbefalt maks 20 personar og 1 meter avstand. Ved intensiv trening bør ein halde 2 meters avstand. 

I tillegg gjeld lokale smittevernreglar så lenge vi har gult beredskapsnivå i oppvekst. Lokalt vedtak om gult nivå skal behandlast av formannskapet 31. januar. Inntil vidare gjeld difor desse anbefalingane:

  • Ifølge Kommuneoverlegen Bjørn Carsten Buan bør ikkje leigetakarar bruke dusjen i garderoben.
  • Ventilasjonen bør ifølge FHI og kommuneoverlege vere god, noko den er i idrettshallen.
  • Teknisk drift sørgar for at ventilasjonsanlegget er på. Dersom ventilasjonen ikkje skulle vere på, kontakt Befalsvakt på tel: 416 35 388

Vi vil komme tilbake med informasjon angåande gymsalane på SUBUS.

Med vennleg helsing

Teknisk Drift