Utdeling av heidersteikn

Onsdag den 11. mai arrangerte Surnadal kommune ei triveleg markering med middag og utdeling av heidersteikn for tilsette som har arbeidd i kommunen i 25 år, og for tilsette som har gått av med pensjon i løpet av 2019. Arrangementet skulle vore gjennomført tidlegare, men har vore utsett heilt til no på grunn av koronapandemien.

Ordførar Margrethe Svinvik delte ut klokker og kunstverk, og kommunedirektøren delte ut blomster til dei frammøtte. Einingsleiarane sa nokre fine ord til kvar jubilant/pensjonist. 

Elevar ved kulturskulen underheldt med song og musikk.

Desse fekk klokke etter 25 års teneste: Norunn Næss Bolme, Hege Røe, Sissel Krangnes, Tora Maalen, Maybrit Olesen Hakstad. Knut Haugen (kommunedirektør), Margrethe Svinvik (ordførar). ikkje tilstades: Bente Holmvik Solem, Ellen Jorid Østbø, Gunn Anita Kvande og Guro Årnes.       
Desse fekk kunstverk: Kristin Wiig, Ann Ingrid Forslund, Lilly Normann. Eva Dalsegg, Bente Margrete Mogstad, Oddrun Sæter, Haldis Bergem, Grete Snekvik Settemsdal, Geirid Holten. Knut Haugen (kommunedirektør), Margrethe Svinvik (ordførar). ikkje tilstades; Else Kristin Svorken, Ingard Fugelsøy, Anna Haldis Dyrli Snekvik, Terje Forberg, Eva Riktordatter Hagen, Wenche Holten, Ingrid Lien, Aud Tolgenbakk Krangnes, Eva Oline Dønheim, Astrid Bævre Stenberg.