Mål og målgruppe
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha muligheit til mestring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av åpne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike årsakar står i fare for å havne i utanforskap.
Kven kan søke
- Offentlege instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Frist for å søke
1. november 2024
Slik søker du
1) Sett deg inn i regelverket og informasjonen på ordninga si nettside
2) Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettside for unntak frå denne regelen). Det skal søkast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida for meir informasjon om disse)
Etter at du har sendt søknaden
Slik blir søknadene behandla:
Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene politisk eller administrativt.
Etter at kommunen er ferdig med rangeringa sett Bufdir i gang med den endelige saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på nettsida om forventa saksbehandlingstid.
Kontaktpersonar i kommunen
Namn: Lilli Husby
E-post: lilli.husby@surnadal.kommune.no
Kommetar frå kommunen sin kontaktperson
Tidlegare i år hadde vi i Surnadal eit møte med frivillige lag og organisasjonar, politikarar, kommuneleiinga og andre interesserte.
Spørsmålet vi tok opp var korleis skal vi greie å inkludere alle barn og unge som er interessert i å delta i fritidsaktivitetar.
Denne ordninga vil hjelpe oss å få til dette på ein god måte, eg oppmodar alle som retter sin aktivitet mot barn og unge og som har tiltak som fell inn under ordninga, om å søkje.
Kommunen kjem ikkje til å søke for 2025, fordi vi har fått midlar for åra 2023, 2024 og 2025 tidlegare.
Lukke til med arbeidet, ta gjerne kontakt.
Beste helsing
Lilli Husby
ALLEMED i Surnadal