Tildeling av Eldrearbeidets pris 2020 til Surnadal Røde Kors

Ordførar Margrethe Svinvik og Reidar Brøske, leiar i Surnadal Røde KorsSurnadal Eldreråd delte i dag ut Eldrearbeidets pris til Surnadal Røde Kors. 

Det var ordførar Margrethe Svinvik som stod for sjølve utdelinga av prisen på vegne av Eldrerådet. Ho takka Surnadal Røde Kors, som består av hjelpekorpset og omsorgsgruppa, for ein stor og viktig innsats i lokalsamfunnet. Surnadal Røde Kors driv med fleire viktige tiltak som mange eldre sett stor pris på. Eit godt eksempel er omsorgsgruppa, leia av Elin Bøklepp Kvande. 

– Elin gjer ein heilt fenomenal jobb. Ho har eit så stort engasjement, og får med seg hjelparar. Så ho fortener verkeleg æra her, sa Reidar Brøske, då han tok i mot prisen på vegne av Røde Kors.

Andre viktige tiltak i regi av Surnadal Røde Kors er besøksvennordning, som mellom anna inkluderar besøk på omsorgsbustadene i kommunen. Mange har og glede av å komme på den trivelege ettermiddagskaffen på Røde Kors-huset. I tillegg arrangerar dei bussturar.

 

 

Vanlegvis blir prisen delt ut i samband med Surnadal Pensjonistlag sin tradisjonelle julemiddag ved Nordmøre Folkehøgskule. Grunna korona-pandemien vart det ikkje slik i år. I staden vart prisen delt ut i starten av møtet i Eldrerådet i kommunestyresalen på kommunehuset.

Eldrerådet består av leiar Johs. J. Vaag, nestleiar Olav Jostein Holten, Jorunn Ness, Ingeborg Bruset, Magnus Kristian Bævre og sekretær Randi Glærum frå Surnadal kommune.

Med årets tildeling er Eldrearbeidets pris delt ut for 10. gong.