Surnadal kommune markerar Eigenberedskapsveka 2024

Hjelper du deg sjølv ei veke, hjelper du også andre.

Alle landets husstandar får brosjyre i posten

Eigenberedskapsveka er ein årleg nasjonal kampanje. Nytt i år er at råda om eigenberedskap er oppdaterte frå 3 til 7 døgn. Bakgrunnen for dette er ein forverra sikkerheitspolitisk situasjon i Europa.  Andre viktige drivarar er klimaendringar som fører til meir ekstremver, og at samfunnet er så avhengig av strøm, vatn og mobilnett. 

Foto. DSB direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther - Klikk for stort bildeDSB direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther

I løpet av Eigenberedskapsveka 2024 vil alle landets husstandar motta ein brosjyre i posten frå Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Den inneheld viktig informasjon om kva du heilt konkret kan gjere for å førebu deg på kriser. 

Ta godt vare på denne brosjyren.  Last ned digital versjon (PDF, 4 MB)

Surnadal sanitetsforening og Røde Kors står på stand

Har du god eigenberedskap hjelper du ikkje berre deg og dine, men også dei som ikkje kan hjelpe seg sjølv ved at vi får fokusere på å hjelpe dei.  

Surnadal sanitetsforening vil også i år rigge til stand på Alti kjøpesenter med tips og råd om eigenberedskap saman med Røde Kors.

Hensikta med eigenberedskapsråda er at vi ei veke under ei krise skal vere ei stand til å dekke dei mest grunnleggande behova våre for

  • varme
  • lys
  • drikke
  • mat
  • legmiddel
  • førstehjelp
  • hygiene
  • informasjon

Vis komplett liste

Foto. Surnadal sanitetsforening sin stand. - Klikk for stort bilde

Kommunal beredskapsplakat til innbyggarane

Surnadal kommune har eigen beredskapsplakat med viktige telefonnummer i kriser og korleis vi kommuniserer og kor vi kan møte opp ved langvarig bortfall av strøm, mobil- og internett. 

Foto. Olav Polden frå Røde Kors - Klikk for stort bilde

Plakaten kan du laste ned under eller hente under på Surnadal sanitetsforening sin stand på Alti, i foajeen på Surnadal kulturhus eller kommunehuset i Eigenberedskapsveka. 

Ved behov blir plakaten hengt opp ved nærbutikkar og aktuelle oppmøteplassar i tråd med situasjonen. 

Plakaten bør du ta vare på saman med brosjyren du får i posten.

Last ned kommunens beredskapsplakat (PDF, 62 kB)

Eigenberedskapsråda gjeld heile året og råda er til for å skape tryggleik i samfunnet - ikkje for å skape unødvendig angst eller uro. 

Følgjer du råda står vi betre rusta i lag, og det er langt betre å ha litt på lager enn ingenting. 

Du er ein del av beredskapen.

Les meir om beredskap og samfunnssikkerheit i Surnadal kommune