I forbindelse med utbygging av ny kraftleidning mellom Surna og Viklandet stasjonar inviterer Statnett til ope møte. Statnett vil presentere prosjektet og korleis arbeidet skal gjennomførast. Det vil bli god tid til spørsmål i etterkant av presentasjonen. Møtet er ope for alle.
Dette melder kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilsen.
I løpet av sommaren vil arbeidet med å etablere ein ny 47 km lang kraftleidning mellom Surnadal og Sunndal starte opp for fullt. Arbeidet har ei planlagd varigheit fram til 2028. Den nye kraftleidningen skal erstatte den gamle som blir riven etter at den nye er sett i drift.
For meir informasjon, sjå Statnett sine informasjonssider om prosjektet.
Statnett har dei siste åra igangsett store prosjekt i områder og vidare utvikling av transmisjonsnettet er drive av behovet for å tilrettelegge for nytt forbruk og ny produksjonskapasitet. Områdeplan Midt beskriv mulege, planlagde og igangsette tiltak i regionen.
Kartet viser tidlegarbeid på vegar, bruer og baseplassar som har pågått sidan hausten 2024 og utover nyåret 2025.