Situasjonen med nødnummertenesta - innfører lokale tiltak

Delar av kriseleiinga har hatt møte om situasjonen og har iverksett tiltak for å trygge liv og helse inntil nødnummertenesta er heilt friskmeldt.

Tiltak i vår kommune

Nødnummertenesta fungerar enno ikkje heilt som normalt i vår kommune. Ordførar og delar av kriseleiinga har hatt møte om situasjonen.  Vi har vore i kontakt med operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt som bekreftar at situasjonen er betre, men ikkje heilt friskmeldt alle stader.  

Ved behov for kontakt med nødetatane, prøv først 110, 112 og 113. 

Dersom dette ikkje fungerar som normalt, vil brannstasjonar/bustader for lokale brannmannskap fungere som fysiske kontaktpunkt ved behov for å bli sett i kontakt med nødsentralar. 

Desse stadene er bemanna inntil situasjonen er friskmeldt:

  • Brannstasjonen i Røtet
  • Bustad til Per Egil Fiske - Kvanne
  • Bustad til Michal Heimlund - Todalen
  • Bustadene til Ingebrigt Garte og Per Gudmund Bøe - Bøfjorden

Desse er utstyrt med jaktradio og kan treffast på kanal Jakt 1. 

Kommunal befalsvakt har telefon: 416 35 388 og lyttar på jaktradio kanal Jakt 1.

Dersom du ringer nødetatane i Møre og Romsdal på telefon 70 11 87 00 - vel tasteval null for sentralbord, så du slepp å få opplista alle val.