Bekrefta svar på PCR-test foreligg ikkje.
Berørte elevar og tilsette har gjennomført hurtigtestar utan at det er gjort ytterlegare positive funn. Undervisninga vil derfor fortsette som planlagt.
Kommunen har hatt fleire parallelle smittetilfelle den siste tida utan at det er nokon samanheng mellom dei ulike tilfella. Foreløpig har det vore tilstrekkeleg med enkle tiltak for å begrense smitten, med testing, isolering, smittesporing og karantene, samt råd om hygienetiltak og oppslag ved aktuelle sosiale møteplassar.
Smitten har i denne omgang kome etter besøk i eller frå Trondheim.
Bjørn Buan
Kommuneoverlege