Ny runde! Støttekontaktar

StøttekontaktVi har fortsatt ledig fleire oppdrag som støttekontaktar. Gjerne unge og vaksne menn.

Støttekontakt-tenesta er organisert under eining for Helse–og Familie. Tenesta er eit fritidstiltak for innbyggjarar som treng støtte og bistand for å få til meiningsfulle fritidsaktivitetar og ein betre kvardag.

Som støttekontakt har du som oppgåve å hjelpe personar med ulike funksjonshemmingar og sosiale utfordringar til eit meir aktivt liv.

Vi søkjer etter støttekontaktar for unge, vaksne og eldre med ulike funksjonshemmingar og diagnosar. Mange har behov for bistand og hjelp for å kunne delta i fritidsaktivitetar og ha eit tilfredsstillande sosialt liv.

Aktuelle aktivitetar støttekontakt og brukar kan gjere saman, kan vere å gå på trening, kino, ulike kulturarrangement, konsertar,  spaserturar, bilturar og dyrke friluftsliv. Tenesta tek utgangspunkt i kvar enkelt sine ønskjer og behov. Timetalet pr. brukar varierer frå 2 til 6 timar pr. veke.

Krav til søkjar:

Støttekontakten må ha fylt 18 år, og vere stabil og påliteleg. Han/ho må like å jobbe med folk, ha evna til samarbeid og å kunne jobbe sjølvstendig. Personleg egnaheit vil bli vektlagt. Det blir krevd politiattest. Søkjar bør ha bil, og må kunne køyre i tenesta.

Vi kan tilby:

Ein positiv og inspirerande jobb. Støttekontaktar får opplæring og rettleiing. Det er gode moglegheiter for fagleg påfyll gjennom ulike opplæringstiltak og kompetanseheving.

Godtgjersle:

Oppdraget blir betalt med ein fast sats pr. time etter innlevert timeliste. Støttekontakten får også dekt reisekostnader til og frå brukar frå eigen bustad. Kilometergodtgjersle etter kommunen/staten sitt reiseregulativ.

Dersom du er interessert, kan du enten skrive, ringe eller besøke  Elizabeth Miciano, rådgjevar ved Koordinerande eining, Surnadal kommune. Tlf. 48203716.

Det er heile tida behov for nye støttekontaktar, så er det berre å ta kontakt.