Ny runde - støttekontaktar

Vi har fortsatt ledig fleire oppdrag som støttekontaktar. Gjerne unge og vaksne menn.

Støttekontakttenesta er organisert under eining for Helse–og Familie. Tenesta er eit fritidstiltak for kommunen sine innbyggjarar som treng støtte og bistand for å få til eit tilfredsstillande sosialt liv.

Som støttekontakt/avlastar har du som oppgåve å hjelpe mennesker med ulike funksjonshemmingar og sosiale utfordringar til eit meir aktivt liv. Vi søker etter støttekontaktar for unge, vaksne og eldre med ulike funksjonshemmingar og diagnosar.

Aktuelle aktivitetar ein støttekontakt og ein brukar kan gjere saman kan for eksempel vere trening, kino, ulike kulturarrangement, friluftsliv, konsertar og spaserturar/bilturar. Tenesta tek utgangspunkt i den einskilde sine ynskjer og behov. Timetalet pr. brukar varierer frå 2 til 6 timar pr. veke.

Krav til søkar:

Støttekontakten må ha fylt 18 år og må vere stabil og påliteleg. Han/ho må like å jobbe med menneske, ha evne til samarbeid og kunne jobbe sjølvstendig.  Det blir stilt  krav om politiattest. Søkaren bør og kunne disponere bil i tenesta.

Vi kan tilby:

Ein positiv og inspirerande jobb. Støttekontaktane vil få opplæring og rettleiing. Det er gode moglegheiter for fagleg oppdatering gjennom ulike opplæringstiltak og kompetanseheving.

Godtgjersle:

Oppdraget blir betalt med ein fast sats pr. time etter innlevert timeliste. Støttekontakten får og dekt reisekostnader til og frå brukar frå eigen bustad etter kommunen/staten sitt reiseregulativ.

Dersom du er interessert, kan du enten skrive, ringe eller ta kontakt med Elizabeth Miciano, rådgjevar ved Surnadal kommune. Tlf. 48203716.

Det er heile tida behov for nye støttekontaktar, så er det berre å ta kontakt.