Kommunal vakttelefon ved viltpåkøyrsel

Ved uhell skal du melde frå til politiet på 02800, som varslar viltnemda og andre aktørar. 

Dersom politiet ikkje svarar, ringer du kommunal vakttelefon 917 68 871. 

Det er ikkje straffbart å køyre på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melde frå.  

Når skal du bruke kommunal vakttelefon?

Det kan av og til vere vanskeleg å komme gjennom på politiets telefonnummer. Da ringer du kommunal vakttelefon for viltpåkøyrsel: 917 68 871

Om du får løyve til å køyre vidare, må du hugse på  å merke kor påkøyrselen skjedde eller kor viltet ligg.  Har du viltband kan du henge dette opp i nærmaste tre eller busk. Du kan hente gratis viltband på kommunehuset i opningstida.

Viss ikkje kan du for eksempel bruke ein plastpose eller noko anna godt synleg du har i bilen, slik at personell frå kommunen lett kan finne plassen.

Slik unngår du påkøyrsel

  • Tilpass farten etter forholda. Når du køyrer i område som er skilta med at det er mykje vilt eller husdyr, skal du vere ekstra oppmerksam. Sørg for å halde ein fart som gjer at du kan stoppe raskt opp. Sveip blikket mot sideterrenget på begge sider av vegkanten for å få med deg aktivitet.
  • Dei fleste påkjørslar av vilt skjer i skumringstida på morgonen og ettermiddag/kveld da dyra forflyttar seg mye mellom område dag og natt. 
  • Hjortevilt, sauer og geiter er flokkdyr. Ser du eitt dyr, brems forsiktig ned og ver oppmerksam på at det kan komme fleire.
  • Eit dyr som tilsynelatende er roleg, kan begynne å løpe framom bilen eller bli skremt.
  • I område med mykje rein skal ein vere oppmerksam på at om det nyleg er salta kan det av og til tiltrekke rein mot vegen.