Følgjande gjeld for denne utlysningsrunden:
- Denne utlysningsrunden er retta mot bransjane servering, overnatting, arrangement, reiseliv og trening.
- Verksemdene må vere ramma av smitteverntiltak eller nedstenging med tilhøyrande tap av omsetning og/eller auka kostnader.
- Kostnader og tap må vere knytt til 4.kvartal 2021 og/eller 1.kvartal 2022
- Verksemda må være registrert i foretaksregisteret og ha eit kommersielt formål.
- Verksemda må ha forretningsadresse i Surnadal.
Søknadsfristen er sett til 23.01.22
Det er ikkje eige søknadsskjema for ordninga, men ein søknad må innehalde følgjande:
- Organisasjonsnummer
- Namn/selskap, adresse
- Kontaktperson
- Epostadresse
- Bankkontonummer
- Beskriv kva for kostnader/tap ønskjer du å få dekka (beskriv varen/tenesta samt beløp på varene/tenestene)
- Omsøkt støttebeløp
Søknaden kan sendast til post@surnadal.kommune.no merka «Kommunal kompensasjonsordning»
Eller via post til: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Søknaden vil bli vurdert basert på dokumentasjon knytt til omsetningsfall, ekstra kostnader, tap, tilpasningar, dekning frå andre kompensasjonsordninger, risiko for tap av arbeidskraft og kompetanse.
Spørsmål om ordninga kan rettast til:
Karin Halle, tlf. 416 19 200, epost: karin.halle@surnadal.kommune.no
Harald Bredesen, tlf. 913 78 178, epost: harald.bredesen@surnadal.kommune.no