Invitasjon til orienteringsmøte/folkemøte om Helseplattformen, onsdag 4. mai i Kulturhuset, Svorkasalen, kl. 18.30 – kl. 20.00.
Helseplattformen - ein journal for heile helsetenesta i Midt-Norge
16. juni skal Surnadal kommunestyre ta stilling til deltaking i forprosjekt Helseplattformen.
Kva er Helseplattformen?
Helseplattformen AS skal innføre ein felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Norge. Det innebær at kommunar, sjukehus, fastlegar og private aktørar arbeider i den samme pasientjournalløsninga. Helseplattformen skal gje auka kvalitet i pasientbehandlinga, betre pasientsikkerheit, meir brukervennlege system og dermed sette helsepersonell i stand til å utføre sine oppgåver på ein betre og mer effektiv måte. Helseplattformen AS er per i dag eigd av Helse Midt-Norge RHF og Trondheim kommune.
Her finn du meir informasjon om Helseplattformen
Agenda for møtet:
- Ordføraren ønskjer velkommen
- Kort orientering om dagens løysingar og korleis dei fungerer.
- Helseplattformen orienterer om ny løysing og kva dette betyr. Fokus på innbyggjarperspektivet.
- Status og vidare samarbeid
- Spørsmål
Vel møtt!