Innbyggarhøyring om Trollheimen nasjonalpark

Enkelte kommunar har hatt opne folkemøte om saka. Surnadal kommune ber no innbyggarane om skriftlege innspel. 

Avklaring om lokal aksept 

Statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Trøndelag har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å sette i gang ein prosess med formål om å endre vernestatus for Trollheimen landskapsvernområde til nasjonalparkstatus og utvide verneområdet.

Det skal vere avklart at det er lokal aksept for å endre vernestatus. Det største verna arealet ligg i Surnadal kommune. Det er difor viktig for kommunen får høyre kva innbyggarane meiner om forslaget frå statsforvaltaren, sjølv om lokal aksept er definert som at eit fleirtal i kommunestyret er for.

I første omgang skal du kun ta stilling til om forslaget skal greiast ut. Spørsmålet om det skal opprettast ein nasjonalpark skal kommunen ta stilling til etter ei eventuell utgreiing. 

Mange grunneigarar har allereie gitt sitt syn, men ein må ikkje vere grunneigar for å gi innspel. Surnadal kommune inviterer med dette innbyggarar, organisasjonar og næringsdrivande til å gi skriftlege innspel. Dei innspela vi får vil bli lagt fram for politikarane i slutten av oktober. 

Kva som skjer om nokre kommunar er for og andre mot ei utgreiing, er enno uavklart.

Høyringsdokument

Avklaring om lokal aksept for endring av verneform og utvidelsar (PDF, 161 kB) (Brev frå Statsforvaltaren)

Kart over foreslåtte utvidelsar (PDF, 2 MB)

Høyringsspørsmål

Surnadal kommune vil gjerne vite kva du meiner og ber deg ta stilling til og gi skriftleg innspel til to spørsmål.  

  1. Skal kommunen gå vidare med ei utgreiing om Trollheimen landskapsvernområde skal bli ein nasjonalpark?
  2. Skal vi utvide verneområdet?


Send innspel til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.  Merk saka: Innbyggarhøyring om Trollheimen nasjonalpark.

Høyringsfrist: 30.09.2024