I møte den 25. april i år vedtok Surnadal kommunestyre ein gjennomgang av kommunen sine bundne fond, og bad om forslag til omdisponering av midlane som eiga sak til kommunestyret.
I saksframlegg til kommunestyremøte den 31.10.2024 gir kommunedirektøren oversikt over alle bundne fond i kommunen og innstiller til vedtak om å omdisponere seks bundne fond til disposisjonsfond.
Gavefond, inklusive gåver til Surnadal sjukeheim, inngår i totaloversikta, men inngår ikkje i lista over forslag om omdisponering.
Kommunedirektøren ønskar å presisere dette for å unngå eventuelle misforståingar.
Lenke til saksframlegg