Også i år tilbyr Surnadal kommune arbeid til ungdomar gjennom ordninga "Sommarjobb for ungdom".
Tysdag denne veka arrangerte kommunen informasjonsmøte for dei som skal arbeide no i sommar.
Hovudmålet er å gje ungdomane innsikt i Surnadal kommune som arbeidsplass og er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Dei som får tilbod gjennom ordninga får arbeide i 2 veker kvar, og må kunne arbeide desse 2 vekene samanhengande.
I år der det ungdomar født i 2002 og 2003 som er i målgruppa for ordninga, og det er det eldste årskullet som er prioritert.
Ungdomane vil arbeide på ulike einingar i kommunen, og aktuellle arbeidsoppdrag vil vere:
reinhald, rydding, vedlikehald av grøntanlegg, maling/beising, arbeid i barnehagar, lett vedlikehaldsarbeid, miljøtiltak ved omsorgsbolig og ved sjukeheimen, kjøkkenarbeid, miljøtiltak i bu- og aktivitetstenesta og arbeid for frivillige lag og organisasjonar.
Vi ønskjer den flotte arbeidsgjengen lykke til med sommarjobben !