Informasjon om Gyda-situasjonen frå Surnadal kommune

stengde vegar - Klikk for stort bilde vegvesen.no  Handterar ein ustabil situasjon frå time til time.

Surnadal kommune har beredskapen på plass og arbeider kontinuerleg for å sikre liv og helse gjennom ekstremveret. Fleire vegar er no stengde og fleire kan det bli.  

NVE seier at vassføringa vil fortsette å stige og det er forventa at toppen kan nås seint torsdag eller tidleg fredag morgon.  Dette avheng både av nedbør og temperaturutvikling.

Skular og barnehagar

Skulane har sendt heim elevane tidleg torsdag. SFO-tilbodet går som planlagt torsdag med ny vurdering for fredagen. Sommarrotunet aktivitetshus vart også stengt i dag, torsdag. Grunna fare for fleire stengte vegar, også i morgon, vil det i løpet av dagen bli gjort ei ny vurdering for skular og barnehagar for fredag 14. januar. Føresette blir varsla om endringar. 

Kontaktinformasjon for privatpersonar

Er du som privatperson bekymra for situasjonen din lokalt:

  • Kontakt politiet (112) dersom det er fare for liv og helse i akutte hendingar knytt til flaum, skred og dammar.
  • Kontakt kommunens vakttelefon (416 35 388) dersom du har bekymringar knytt til flaum, skred og dammar,
  • Kontakt Statens Vegvesen (175) dersom bekymringa gjeld veg, bru eller tunnel.
  • Kontakt ditt nettselskap om du opplever strømbrot
  • Ring legevakttelefon 116117 ved behov for lokal helsehjelp utanom kontortid (vi har lokal legevakt under ekstremveret)

Stengde vegar - for oversikt og nye oppdateringar, sjå vegvesen.no 

Fv6150 i Surnadal er stengt ved Tellesbø, Korsbrua og Vidøra på grunn av flom. Ingen omkjøringsmuligheter.

Fv65 Einmoen: Stengt på grunn av mye vann i vegbanen.

Fv65 Garberg: Vegen er stengt da deler av vegen er vasket bort.

Fv65 er stengd ved Bolme bru

Fv6150 Vidøra: Det er nå mulig å passere med personbiler her.

Ev39 ferjesambandet Molde - Vestnes: Boreal Sjø melder at M/F Selbjørnsfjord i rute C innstiller alle turer pga været.