Informasjon frå NAV Indre Nordmøre

NAV Indre Nordmøre - Klikk for stort bildeBiletet er tatt på eit felles informasjonsmøte i september 2021, der medarbeidarar frå dei tre tidlegare NAV-kontora, personalsjefane i dei tre kommunane og kommunedirektøren i Sunndal var til stades. - Eit større og sterkare NAV-kontor for framtida

Dette skriv NAV Indre Nordmøre:

Eit større og sterkare NAV-kontor for framtida

NAV Indre Nordmøre vart ein realitet den 1. januar 2022. NAV Indre Nordmøre består av NAV-kontora i Surnadal, Sunndal og Tingvoll, der Sunndal kommune er vertskommune. NAV Indre Nordmøre arbeider på tvers av kommunegrensene med kontorstader i kommunane som tidlegare.

Anne Kari Grimstad er leiar for det nye NAV Indre Nordmøre, og kan fortelje at dei tre NAV-kontora har jobba gjennom heile fjoråret for å legge grunnlaget for å forberede eit samla NAV-kontor.

- Vi er no godt i gang, og har fått på plass mykje, seier Grimstad. Men det er ein stor prosess, og det krev tid å få bygd oss saman, sieer ho, så denne prosessen vil framleis pågå utover i dette året.

Målet med å slå saman kontora til ei større eining er å få eit større og meir robust NAV-kontor. Det betyr større moglegheit til å styrke kompetansen for tilsette samt gi større handlingsrom og fleksibilitet for å utvikle betre tenester for innbyggarane.

NAV har eit todelt oppdrag. Vi skal bistå innbyggarar med å skaffe og behalde arbeid, samt å bistå næringslivet med å skaffe og behalde arbeidskraft. Det er difor viktig for NAV å følge utviklinga i samfunnet, og spesielt i næringslivet. Dei tre kommunane er ein naturleg arbeidsmarknadsregion, og eit felles NAV-kontor vil vere betre rigga ved å dekke ein større region.

Endringa får imidlertid inga stor praktisk betydning for publikum. Opningstidene for dei ulike kontorstadene er som før, og er til ei kvar tid oppdatert på nav.no.

- No er vi eitt felles kontor, men har kontorstader i alle kommunane som tidlegare, seier Grimstad. Vi arbeider på tvers, og det betyr at folk i større grad kan henvende seg der kor det er mest hensiktsmessig for dei.

Anne Kari Grimstad er leiar, og har med seg fungerande avdelingsleiarar Linda Polden i Surnadal og Jorunn Fjærli i Sunndal og Tingvoll.

Dei understrekar alle ønsket om å bygge eit større og sterkare NAV kontor som kan utvikle seg i takt med samfunnet rundt oss, og som kan gi enda betre tenester i tråd med forventningane til NAV.

- Vi ser fram til fortsettinga, og er opptatt av å ivareta innbyggarar og næringsliv på ein god måte når vi no bygger oss saman for framtida, seier dei tre.