Hugs generelt bålforbod 15.april - 15.september

Foto av bålbrenning i utmark - Klikk for stort bilde canva.com

Kva du kan og ikkje kan gjere:

Kva betyr bålforbod?

I Norge er det generelt bålforbod i utmark frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i nærleiken av skog, kystområde og anna utmark.

Forbodet omfattar ikkje innmarka di eller din eigen hage. 

Er det unntak?

I perioden med generelt bålforbod har du lov til å tenne små kaffebål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Dette kan for eksempel vere:

  • dersom det ligg snø på bakken eller det har regna i lang tid
  • du grillar på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon
  • du grillar på tilrettelagte grill- og bålplassar godkjende av kommunen

Du er sjølv ansvarleg

Ved bålbrenning, grilling med eingongsgrill og liknande er det du sjølv som må vurdere faren ved å tenne eld. Det er alltid den som antenner elden, som er ansvarleg for at det er trygt medan det brenn og at det er skikkeleg sløkt før du forlet staden.

Kravet om aktsemd gjeld heile året, også utanom bålforbodet.

Er du usikker på om du kan tenne opp eld, la heller vere eller kontakt brannvesenet.

Må eg melde frå?

Du må sende innmeldingsskjema/søknad til kommunen i god tid før du tenner vanleg bål, pinse- eller sankthansbål. Det er kun lov til å tenne bål med reint trevirke. Brenning av hageavfall eller anna avfall er uansett ikkje lov.

Meld frå om bålbrenning