Høyring - Framtidig organisering av Todalen og Stangvik oppvekstsenter

Surnadal kommunestyre vedtok 13.09.18, i sak 61/18 å leggje ut til høyring framtidig organisering av Todalen og Stangvik oppvekstsenter:

Surnadal kommunestyre legg ut til høyring dette forslaget til vedtak:

  1. Dersom barnetalet ved Todalen barnehage blir fire barn eller mindre, blir Todalen barnehage samanslått med Stangvik barnehage frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.
  2. Dersom elevtalet ved Todalen skule blir tjue elevar eller mindre, blir Todalen skule samanslått med Stangvik skule frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.
  3. Det er barnetalet 01.08. året før det aktuelle skuleåret som skal leggast til grunn.  Dette for å
  1. gi førskuleungane eit sikkert mål
  2. Gi god tid til sakshandsaming, personalprosess og anna intern førebuing
  1. Dersom det blir ei samanslåing av barnehagen eller skulen, skal det lagast ei eiga sak om gjenbruk at barnehage- og skulebygget i Todalen.
  2. Ny forskrift for barnehagen sitt opptaksområde og ny forskrift for skulekrinsen skal utarbeidast og vedtakast om ei samanslåing blir aktuelt.
  3. Dette forslaget blir lagt ut til offentleg høyring, med ei slik framdrift i høve denne prosessen:

 

24.05.18: Kommunestyrevedtak - Vedtak om utgreiing

13.09.18: Kommunestyremøte - Leggjast fram ei utgreiing med ei tilråding til eventuell høyring

13.09-13.11.18: Høyringsperiode

13.12.18: Kommunestyrebehandling etter høyring

 

Framlegget til framtidig organisering av Todalen og Stangvik oppvekstsenter er no lagt ut til offentleg høyring med høyringsfrist 13.11.18.

Det er særleg viktig før endeleg vedtak at dei som er nærast barnehagane og skulane får kome med si meining. Ein ber difor leiarane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter leggje til rette for gode høyringsprosessar for elevar, foreldre og tilsette.

Høyringa blir lagt ut på kommunen si heimeside, og er open for alle interesserte.

Vedlagd er samla sakframstilling som ligg til grunn for tilråding frå Surnadal kommunestyre.

Høyringsuttalar sendast til post@surnadal.kommune.no