Her kan du sjå filmen om arbeidsmetodikken i Heimetenesta

Film frå Heimetenesta - Klikk for stort bildeLokale kjendisar på førpremiere 9. februar- Filmen viser arbeidskvardagen vår på ein kjempegod måte, seier einingsleiar Annett Ranes. 

Bakgrunn for filmen

Surnadal Kommune, Heimetenesta vart hausten 2020 spurt om å delta i ei filming av arbeidsmetodikken sin «Helhetlig pasientforløp i eget hjem» (HPH).

- Vi er stolte over at vi vart valde ut som eksempel for resten av landet.  Filmen viser arbeidskvardagen vår på ein kjempegod måte, seier einingsleiar Annett Ranes. 

"Helhetlig pasientforløp i hjemmet" (HPH) er ein del av fundamentet i satsinga Gode pasientforløp som KS gjennomfører i samarbeid med Folkehelseinstituttet. Arbeidet er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet. 

Einingsleiar Annett Ranes under erfaringskonferanse 17. mars 

Filmen hadde lokal førpremiere 9. februar kor hovedpersonane fikk sjå filmen og vart takka for bidraget. Vidare har KS vist den på nasjonal helsekonferanse 8. mars, kor også Helse- og omsorgsministeren deltok.

Filmen vart sist vist 17. mars under nasjonal erfaringskonferanse for Gode pasientforløp. Her deltok einingsleiar Annett Ranes med innlegg om systematikken og leiing med HPH som grunnlag i tenesta.

Her er Youtube-lenker til filmen:

Lang versjon (11 min)

Kort versjon (5 min)