Ny epoke med Helseplattformen
Kl. 03:00 den 9. november gikk Helseplattformen i produksjon i Helse Nord-Trøndelag HF saman med kommunane Hitra, Heim, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Ulike gamle journalsystem vart tatt ned og erstatta med eitt, og 4000 nye helsearbeidarar har tatt i bruk Helseplattformen.
Med Helseplattformen vil du som innbyggar få EIN journal som skal følge deg i alle møte med helsetenester som brukar systemet. Du slepp å framskaffe og gjengi helseopplysningane dine til ulike tenesteytarar. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid på ein plass, vil også auke pasientsikkerheita di.
Klokkeslettet natt til 9. november markerer ein viktig overgang frå innføringsprosjekt til drift, men når det gjeld innføring av Helseplattformen er det ingenting som har skjedd “over natta”.
-Det ligg eit svært omfattande og møysommeleg arbeid i helsetenestene våre bak omlegginga til Helseplattformen i helga, seier Gunhild Eidsli, kommunalsjef i Helse og omsorg. Fredag kom kommunalsjefen med blomsteroppsatsar og lykkehelsingar til einingane som gikk på i helga.
Eidsli rettar ein stor takk til alle involverte, og ein ekstra takk til lokal innføringsleiar Heidi Gravvold Sæter, som har vore ein stødig los under innføringsløpet.
Her er det Elin Betten og heimetenesta som får blomster av Gunhild Eidsli.
-Vi er førebudde på at det kan oppstå skjær i sjøen etter overgangen og at tilsette treng meir tid på enkelte oppgåver, når nytt arbeidsverktøy og nye rutinar blir tatt i bruk. Vi mistar ikkje målet av syne ved eventuelle feil eller problem i ein innkøyringsfase.
Helseplattformen er ei langsiktig investering vi både har høge forventningar til og vil stille krav til.
Gunhild Eidsli, kommunalsjef Helse og omsorg
Helsetenestene har rigga seg med dyktige superbrukarar som går i turnus på alle einingar i tida framover. Dei er viktige støttepersonar for kollegaer og fungerer som lokale bindeledd til Helseplattformen ved behov for support og feilretting.
Frå kommandosenteret på sjukeheimen: Rakel Polden, RundeNordheim Røv, Lillian Glærum, Lars Inge Kvande, Jenny Nordheim og Linn Tove Øyahals, prosjektleiar Helseplattformen.Under innføringshelga og i vekene framover er også fagekspertar frå Helseplattformen fysisk på plass i Surnadal for å bistå einingane. I tillegg gjennomfører Helseplattformen daglege Teams-møte for fagklynger og digitale spørretimar om stort og smått vi lurar på.
Den lokale arbeidsgruppa for innføringa av Helseplattformen har brei erfaring frå ulike typar innføringsprosjekt i kommunal sektor. Arbeidsgruppa si samla erfaring er at Helseplattformen AS står i ei positiv særstilling med omsyn til profesjonell prosjektstyring og oppfølging undervegs.
Foto: Representantar frå Helseplattformen på sjekkerunde søndag. I midten lokal innføringsleiar Heidi Gravvold Sæter.Søndag var eit team frå Helseplattformen på runde på vaktrom i einingane for å få tilbakemeldingar på systemet frå tilsette. Stemninga var roleg og god, og arbeidet i nytt jornalverktøy godt i gang. - Det er imponerande at dei allereie har tatt i bruk avataren (ein funksjon i Helseplattformen), konstaterte Helseplattformen sine utsendte.
-Både brukarar, pasientar og pårørande vil nok merke at det foregår aktivitet litt utanom det vanlege ei tid framover. Det er viktig for oss å seie at ingen må føle at dei ikkje kan forstyrre oss, sjølv om vi ser opptatt ut. Innføringsløpet har vore krevande, men også lærerikt og kjekt å vere med på. Eg ser fram til å kunne utnytte mulegheitene for tenesteutvikling som ligg i Helseplattformen, til beste for innbyggarane våre.
Jenny Nordheim, einingsleiar ved Surnadal sjukeheim
Innføring av Helseplattformen i vår kommune omfattar helsetenestene ved:
- Surnadal sjukeheim
- Heimetenesta
- Bu- og aktivitetstenesta
- Helse og familie
Fastlegekontor i vår kommune tar ikkje i bruk Helseplattformen no.
-Eg er imponert over den store dugnadsånden alle involverte har utvist i arbeidet med Helseplattformen. Dette er noko svært viktig å bygge vidare på i framtida. Sjølv har eg aldri vore i tvil om at det var rett og nørvendig å gå for Helseplattformen for vår kommune.
Ordførar Hugo Pedersen under felles markering måndag.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande ga blomsterhelsing til lokal innføringsleiar Heidi Gravvold Sæter på vegne av styringsgruppa.
Vis meir informasjon om Helseplattformen.
Vis informasjon om HelsaMi.