I påska er det mellom anna to populære, tradisjonsrike arrangement som passar for dei fleste og der trivsel og sosialt samvær står sentralt: Gunnøydilten og Kjerringdilten, båe i Todalen. Kanskje kan desse arrangementa vera noko også for deg?
Gunnøydilten blir arrangert 17. april (skjærtorsdag) kl. 12.00-15.00
Marsjen går etter Toåa tursti, og det er muleg å velje ulike distansar, avhengig av kor bra forma er. Start frå Bønnavollen eller Halsabrua. Det vil bli base rundt gapahuken i Båthølen, og her vil det også bli servering av kaffe og bakst. Parkering skjer ved Todalen kyrkje eller Bordholmen stadion. Arrangør er Todalen i.l.
Kjerringdilten blir arrangert 18. april (langfredag) kl. 13.00
Arrangementet foregår ved skihytta til Todalen idrettslag på Ørsalmyran. Vinnaren av rennet får eit napp i oppsett vandrepokal, og i tillegg får dei tre beste deltakarane ein pokal til odel og eige. Kjerringdilten går på idealtid, og det er den som kjem nærast idealtida, som blir vinnar av rennet. Det er påmelding i startområdet ved skihytta.
Det vil bli salg av kaffe, bakels med graut eller syltetøy og rømme, Kvikk lunsj og pølse med brød eller lompe. Arrangør av rennet er som vanleg driftsstyret for skihytta. Det er parkering ved Todalen ungdomshus, og ein må gå til fots oppover skogsvegen derifrå til ein når snøen. Hugs å beregne god tid til turen opp til skihytta!
Meir om båe arrangementa finn du også på friluftslivetsar.no (aktivitetskalenderen) og på todalen.no. Særleg når det gjeld Kjerringdilten kan det vere lurt å halde seg oppdatert på ver- og føreforhold.
Utover våren og sommaren er det planlagt fleire lokale arrangement i Friluftslivets år, mellom anna:
- 30. april: Opning av turkassetrimmen Stikk Bort! i nærområdet rundt sjukeheimen
- 07. mai: Frileik i friluft i Svartvassområdet i Surnadal i rego Surnadal IL Barneidrett
- 21. juni: Familietur til Grytbakksetra
- 28. juni: Todalsdagen
- 30. juni: Tur til Mausetsetra
- 02. aug.: Kløvvegsmarsjen
Vår-turtips
Andre turtips med kart og forklaring i Surnadal kommune kan du enkelt finne på morotur.no eller stikkut.no
Mange tar f. eks korte vår-turar til Trodalen, Svinvikrunden, Kallset, Persullukammen/Årnes, Mulneset/Haltbakkan, Kleiva, Toåa tursti, rusletur utover Stangvika eller kosar seg ved Kalkstranda.
