Gratis veiledning til ungdomsforeldre

 Frå september vil det bli arrangert ICDP-foreldregruppe for foreldre som har elevar på ungdomstrinnet.

Helsesjukepleiar Heidi Elnes Fiske og ungdomskontakt Kristin Børset inviterer til foreldregruppe på torsdagar frå veke 38/39. 

International Child Development Programme(ICDP) er eit førebyggjande og gruppebasert program retta mot foreldre med barn i alderen 0-18 år. Formålet med programmet er å førebyggje psykososiale vanskar hos barn og ungdom gjennom å styrke foreldra og andre omsorgspersonar.

Kurset er gratis og pågår ein dag i veka i 8 veker. Maks 8 deltakarar !

Ta kontakt på om du vil delta eller ønskjer litt meir informasjon.

Kristin kan nås på tlf. 911 59 310