Skattelista for eigedomsskatt i Surnadal kommune blir lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset frå 01.03.2019.
Skatten er 7 ‰ av taksten med unntak for bustader og fritidsbustader der skatten er 6,5 ‰ av taksten etter. Skatten for 2019 forfell til betaling saman med kommunale avgifter.
Klagerett gjeld alle forhold som tidlegare ikkje har vore klagebehandla. Klagen skal være skriftleg og sendast: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller på e-post post@surnadal.kommune.no innan 12. april 2019.
Økonomisjefen
Publisert 28.02.2019 07:47