Beredskap i samanheng med situasjonen i Ukraina

Om jodtablettar og eigenberedskap:

Barnehagane og skulane - om utdeling av jodtablettar

Tilsette snakkar med barna om det som skjer i Ukraina på ein så god måte som muleg. 

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet skriv at det er lite sannsynleg at vi vil få bruk for jodtablettar som resultat av krigen i Ukraina. Les meir om dette her.

Skular og barnehagar får utdelt jodtablettar som ein del av atomberedskapen vår. Utdeling og bruk av denne typen jodtablettar skal kun skje ved varsling frå sentrale beredskapsmyndigheiter. Les meir om jodtablettar.

Dersom vi får slik varsling når barnet ditt er på skulen, i barnehagen eller i kommunal institusjon, vil barnet ditt få jodtablettar dersom du har samtykka til dette. Det er sendt ut eigen informasjon med samtykkeskjema gjennom foreldreappen i Visma.

Ved varsling utanom opningstid kan dei som ikkje har jodtablettar heime møte opp på sin respektive barnehage/skule og få utdelt til sine ungar. 

Eigenberedskap

Alle under 40 år, og gravide eller ammande, er anbefalt å ha jodtablettar heime. Ammande og gravide som ikkje har jodtablettar heime, vil få det utlevert på Surnadal kommunehus om det skulle bli aktuelt. 

dette bør du ha i beredskap heime - Klikk for stort bilde DSB  

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har fokus på eigenberedskap i kvardagen. Sjølv om sjansen er liten, så kan det skje at du må klare deg sjølv nokre dagar, om for eksempel strømmen blir borte, eller du blir veglaus i lengre tid grunna uver. Med eit lite reserverlager av det du er mest avhengig av – vatn, mat, medisiner og varmekjelder – er du betre rusta.  Les meir om kva du bør ha på lager heime.

Tilfluktsrom

Surnadal kommune har, som dei fleste kommunane på Nordmøre, ikkje tilfluktsrom.

Det er inga auke i trusselbildet mot Norge som tilseier at bruk av tilfluktsrom er aktuelt per i dag.