Program i sentrum
Kl. 11.00 Gudsteneste i Øye kyrkje
Kl. 12.15 Tog frå Øye stadion via sjukeheimen til Surnadal kulturhus.
Oppstilling:
- Hovudfana
- Flaggborg
- Surnadal skulekorps
- Surnadal barne- og ungdomsskule, med føresette og søsken bak
- Surnadal hornmusikk
- Barnehagane
- Surnadal vidaregåande skule
- Lag, organisasjonar og alle andre
Ved Surnadal kulturhus
Sal av is, pølse, kaffe og kake. Filmvisning i kinosalen for dei minste.
Ungdomsrådet er 17. maikomite under leiing av Ida Mo.
Biltog frå Øye - ny rute
Kl. 15.00: Alt som kan rulle går frå Øye, om Røtet, svingar opp gammel-Grytå, ned til Miljøgata gjennom Skei, via sjukeheimen, tilbake nedover Miljøgata, til siste stopp på Alti kjøpesenter.
Program i heile kommunen
Som vanleg legg mange eldsjeler ned ein stor innsats og lagar lokale feiringar i heile kommunen vår. Gå til Facebook-sida 17. mai i Surnadal for full oversikt over alle arrangement.
Vi ønsker små og store ein heilt nydeleg 17. mai med sydenvarme og rikeleg med kald drikke og is!
Surnadal kommune