Kommunale vassanlegg

Kommunale vassanlegg i Surnadal kommune

Sunadal kommune har 13 vassverk lokalisert i heile kommunen

  • Bele vassverk
  • Bjøråa vassverk
  • Bøfjorden vassverk
  • Fauskåa vassverk
  • Fiske vassverk
  • Holtamoen vassverk
  • Kvande vassverk
  • Mo vassverk
  • Prestelva vassverk
  • Sollia vassverk
  • Stenbergsgailin bustadfelt
  • Sæterbø vassverk
  • Øvre Sæter vassverk (delvis avvikla)

Transportsystem

Surnadal kommune eig og driftar i tillegg transportsystema som er tilknytt vassverka, som i dag består av ca 250 000 løpemeter med vassrør.

Vassverka og transportsystema blir regelmessig kontrollert ved uttak av vassprøvar og blir overvaka på dagleg basis etter kommunen sine internkontroll- rutiner.

Anlegga, med dei tilhøyrande vassforsyningssystema, er underlagt Mattilsynet som tilsynsmynde, regulert ved Drikkevannforskrifta.

Surnadal kommune har eit elektronisk varslingssystem som gjer det enkelt å varsla innbyggjarane om uønskte hendingar. Systemet varslar i form av tekstmelding til mobiltelefon eller talemelding til fasttelefon.

Ein føresetnad for at vi skal kunne varsle deg, er at din telefon er registrert på den adressa der du bur. Spesielt må dei som har firmatelefon sjekke kva foradresse han er registrert på.
Her kan du enkelt endre dine opplysningar på websida  www.servicevarsling.no

I første omgang vil varsling skje innan kommunal vassforsyning, til dømes: planlagt vassavstenging, krav om koking, sparing på vatn, varsling om spyling av leidningsnett o.s.v