Fritid og aktivitetar for flyktningar

Surnadal kommune jobbar aktivt for at flyktningar kan vere med på fritidsaktivitetar.

Kva tilbyr vi?

Integreringstenesta ønsker å legge til rette for at barn, unge og vaksne skal få moglegheit til å ha ei aktiv fritid.

Barn og unge under 18 år får i ein fem-års periode dekt utgiftene til ein fritidsaktivitet.

Vi samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i Surnadal som ønsker å bidra med integreringsarbeidet.

Surnadal Folkeakademi arrangerer språkkafè kvar måndag fra kl. 17.30 - 19.00. Dette skjer på Surnadal Frivilligsentral. Her er alle velkommen, og det er ingen aldersgrense. Enkel servering.