Integreringstenesta er ansvarleg for å busette det antalet flyktningar som kommunestyret til kvar tid bestemmer at kommunen skal ta i mot.
Kva tilbyr vi?
Busettingsarbeidet inneber å skaffe egna bustader til den enkelte flyktning eller flyktningfamilie, innkjøp av utstyr og møblar, tilrettelegging og veiledning i den første tida i kommunen. Arbeidet inneber også å koordinere samarbeid mellom NAV, helsetenesta og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Kven kan motta tenesta?
Alle flyktningar som blir busett i Surnadal kommune etter avtale med IMDi, får støtte og rettleiing i busettingsprosessen.
Sist endret 03.10.2024 10:06